Voluspå 2020

2020-04-01

av Idunn Victoria Rostøl


Illustrasjon: Katrine Sirnes Nesheim
Illustrasjon: Katrine Sirnes Nesheim

«Nå er det faen meg nok! Me må gjera noko!» Ho small ølen i bordet og såg meg hardt i augo. Den oppheta diskusjonen me hadde hatt dei siste timane vekte noko i meg òg, og til mi eiga overrasking var eg sint og besluttsom med, ikkje resignert og mutt.

Samtalen rundt bordet denne natta hadde bevegd seg frå irriterande gutar som presser ein ut av både spørretimen i seminarrommet og dansegolvet på byen, til blendakvitt, cis og mannleg pensum som ikkje trefte oss; frå ein filosofiprofessor som meinte menn tenker dei allmenne og kloke tankane me treng i exphil, til muslimhatarar som nyleg hadde brent Koranen og demonstrert i to store norske byar. Å diskutera ei verd som verkar til å tippa nærare og nærare eit mange grader varmare, men likevel kaldare, helvete, etterlét meg som regel med ei sugande kjensle i brystet og eit tungt hovud; kva i alle dagar skal ein gjera på ei klode der fleire millionar menneske stemmer på høgrepopulistar som konkurrerer i å ville hiva flest mogleg menneske over grensa?

​Noko anna skjedde likevel denne natta. Ho var sint, og eg kunne kjenna raseriet fylla meg òg.

​Me blei einige om å starta eit studenttidsskrift som kan gje oss det me ikkje får på Blindern, det ein ikkje oppfatter som relevant eller viktig å inkludera på pensum; tekstar som ikkje omhandlar gamle grekarar på toppen av eit slavesamfunn som kan bruka den privilegerte fritida si på kverulering i bygatene, men som like fullt er viktige for å forstå seg sjølve og verda. Tekstar som kan opna for nye måtar å sjå, og som dermed kan mogleggjera forandring; noko me sårt treng!!

​trass! er ein barsamtale som faktisk ikkje berre enda i prat. Og det er ikkje der me skal enda no heller.


Idunn Victoria Rostøl tar ein master i Europeisk kultur på UiO og er redaksjonsmedlem i trass!.


Katrine Sirnes Nesheim studerer for øyeblikket til å bli grunnskolelærer på ungdomstrinnet. Sprer det feministiske budskap på Sørlandet. @artykatti på instagram.