Etter den siste av alle dagar

2023-05-01

av Bjarne Bjørnevik

Illustrasjon: Maud Heløe von der Lippe


Etter den siste av alle dagar,
sit eg på stolen ved sidan av matematikaren
som glyttar bort på ektemannen

med ein bekymra mine, medan ho reknar i hop
kor mange timar som er igjen av livet.

Etter den siste av alle dagar, står eg saman
med den blinde mannen på brygga og les havets braille,

han som høyrer akkurat kor mange måkar det er på himmelen.

Etter den siste av alle dagar, ligg eg
i grøftekanten saman med den utslitne brannkonstabelen

som turkar oske av fjeset og mumlar eit framandt ord for skog.

Eg er i nærleiken når den håpefulle ballerinaen
lukkar skapet i den tomme garderoben

og merkar den gapande nervøsiteten klatra i halsgropa.

Eg fylgjer med på den unge ishockey-keeperen
som kjenner eit hopp gjennom blodet

kvar gong pucken vert slått over den blanke isen.

Når guten opnar handa for å gje Buddha ein neve sand i gåve,
står eg halvt gøymt bak treet

og ventar på det som skal skje.



Bjarne Bjørnevik (f. 1992) er ein norsk forfattar busett i Oslo. Han var del av det fyrste kullet ved Det Norske Samlagets forfattarskule for skrivande med minoritetserfaring, og har tidlegare hatt tekstar på trykk i Syn og Segn og Klassekampen.